| Sida er oppretta av Holsen grendalag.
BAKEKVELD FOR UNGE DAMERTorsdag 26. januar kl 18.00 inviterer Holsen Bygdekvinnelag unge damer i bygda, til ein sosial og lærerik kveld. Du kan få lære å lage mjølkekaker, natronkaker og kaffikaker. Etterpå kosar vi oss med kaffi og smaksprøver. Spesielt velkommen til "nye " i bygda! StrikkekaféVelkomen til strikkekafé torsdag 12. januar kl. 19.00, i Holsen skule og grendahus! Ta med deg strikketøyet ditt og kom. Har du ikkje slikt, så kom likevel. Vi trur du vil få ei koseleg kveldsstund i lag med både yngre og eldre. Ta med deg kopp og 20 kroner. Arr. Holsen Bygdekvinnelag Julefesten i skulen 5. juledag 2011Sjå bilete frå festen under bilete. JULEFEST i Holsen skule- og grendahusHeile familien er velkomne til julefest i Holsen skule og grendahus 5. juledag (29.desember) kl 17.00-19.00. Julefortelljing ved programarbeidar Mari Johnstad Leirhaug. Kantor Gro Anthun spelar til allsong. Det blir gang rundt juletreet og tid til kaffi og prat. Ta med litt julekaker om de har att noko, så dekker vi kaffibordet i lag. Vi serverer kaffi/saft. Velkomne! Titt heiLitt fra Holsen og litt herfra………….:-) JUBILEUMSSKRIFT HOLSEN KYRKJE 150 ÅRDet er gjeve ut eit sers fint jubileumsskrift i høve Holsen kyrkje sitt 150årsjubileum. Mange fine fargebilder, og mykje tekst. Heftet er på 52 sider. Det inneheld ei samling av tekster som er publisert tidlegare, og mange nye tekster. Dette er ei flott julegåve, både til folk i bygda, men kan hende like mykje til dei som har flytta ut. Du kan kjøpa det på Kyrkjekontoret i Førde og på Bunnpris på Bruland. Prisen er kr. 120.- Juleverkstad i Driva 4H
Med ein fantastisk ramme rundt, hadde Driva 4h juleverkstad i “skuret” hos Inger Lise. Det var snø og kaldt ute, men inne heldt vi varmen med god fyr i ovnen og god stemning! Vi laga flotte glasslykter og koste oss med gløgg og graut (sjølvsagt med mandel i…) Les meir… Julekonsert sundag 18.des. kl.20.00Ane og Leif-Helge inviterer til julekonsert i Holsen Kyrkje denne kvelden. Det vert tradisjonelle julesongar og ein får høve til å reinske stemma sjølv. I år vert det ein familiekonsert og for fyrste gong står heile familien Birkeland på scena. Vi gler oss og håpar mange vil ta vegen til kyrkja denne kvelden. Velkomen OPPMODING!Søndag er Holsen kyrkje 150 år!! Noken kom med ein god ide, som eg gjev vidare: JulekonsertFredag 9. Desember kl 20.00 inviterer Jøran Vallestad og LindaKristin Oppedal til julekonsert på Viksdalen i råheim grendahus . Her blir det avlslappa stund med litt underhaldning frå scena og allsong. Ta med deg gullstrupen og smilet ditt, og gjerne ein nabo eller to (gjerne fleire). Ta turen over fjellet så skapar vi julestemning ilag.
Holsen kyrkje 150 år!Akkurat på dagen 150 år etter vigslinga kan vi feire at Holsen kyrkje er 150 år. Det vert tre tilstellingar i høve jubileet. StrikkekafféHolsen Bygdekvinnelag minner om strikkekaffé i Holsen skule og grendahus torsdag 24.11. kl 19.30. Ta med deg strikketøyet ditt og kom. Har du ikkje slikt, så kom likevel. Vi trur du vil få ei koseleg kveldsstund i lag med både yngre og eldre. Ta med deg kopp og 20 kroner. Gamlevegen over Rørvikfjellet - på Holsasida.No er den ryddda! Reidar og Arne tok i dag med seg motorsag, greinsag og greinsaks for å finne att den attgrodde vegen over Rørvikfjellet. Flott gjort! Saman med Anders (alle tre karane heiter Holsen til etternamn) fann dei traseen og fekk den fram i lyset att. Dei starta i Svorakråa og kom seg heilt opp på fjellet. Lengst oppe er den diverre noko øydelagd etter bygginga av den nye vegen. Her er det kanhende ein jobb som kan gjerast. Likevel, no er det berre å leggje ut på tur langs vegen. Og lurer du på Søndagskafé 20.nov. kl 14.00Bedehusstyret inviterer til søndagskafé i Bedehuset denne søndags ettermiddagen. Det vert godt høve til å møtast i triveleg lag, og styret byr på kaffe, te og kaker. Flott 4H-fest!Laurdag 29. Oktober hadde Drive 4H-klubb sin første haustfest etter at dei starta op igjen. Her var det mange flinke utøvarar både innan song, dans og sketsjar. Eg tok opp lyd, og har laga eit lite samandrag av det vi fekk sjå og høyre. Den har eg lagt ut på youtube, og her er linken. Det er best og høyre med øyreproppar viss du ikkje har gode høgtalarar. Eg tek gjerne imot bilder/film viss det er nokon som har det. Så kan eg legge dei til der det passar med lyden. Viss det er foreldre som vil ha fullt opptak av eit spesielt innslag (eller heile sulamitten), er det bere og gje ein lyd. Hausfest i Driva 4HDUGNAD I LYSLØYPA 22.oktHeisann Idrettslaget ved lysløypenemda inviterer til dugnad laurdag 22.okt. kl. 10.00 Tematur til Anestølen og AlmbergetSøndag 2. oktober skipa Holsen grendalag tematur til Anestølen og Almberget. Tematur til Anestølen og AlmbergetTematur til Anestølen og Almberget søndag 2. oktober kl.15.00. Arne og Reidar fortel gammal historie og segn. Familiegudsteneste i Holsen kyrkje 2. oktober kl11.00Alle 5 og 7 åringar er spesielt invitert. Det er tradisjon at ein vert invitert til gudsteneste og får bok når ein er 4 og 6 år. No ynskjer vi å starte ein ny tradisjon, der alle 5 og 7 åringar vert invitert til gudsteneste og får cd. 5åringane vil få cden “Alle synger TAKK” og 7 åringane “Alle synger LYSET”. ![]() ![]() Holsen BygdekvinnelagHaustsemesteret er i gong! Bygdekvinnelaget i Holsen har allereie hatt eit møte i skulen, og hatt ansvar for pynting i kyrkja til hausttakkefest søndag 18.sept. Anleggsarbeid på RørvikfjelletDei som har køyrt over Rørvikfjellet dei siste vekene har nok observert at det er starta anleggsarbeid rundt den gamle fjellhytta. Holsen
Følgt av 61 medlemmar.
Holsen finn du i den austlege delen av Førde kommune. Holsenvatnet ligg 131 m.o.h. og har eit areal på 3,5 km2. Her bur ca. 300 innbyggjarar, og dei fleste av desse har arbeidsplassen sin i og omkring Førde by. Reisetid til Førde er ca 15-20 minuttar. Holsen er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||