Sida er oppretta av Holsen grendalag.
Dersom du registrerer deg som medlem på Origo, kan du legge inn bilete, tekstar og ta del i diskusjonar på sida.
Under Tekstar på heimesida vil vi samle historier, faktastoff, sagn, linkar m.m.frå litt tilbake i tid.
Under Bokmerker har vi lagt inn linkar til nettsider som vi trur du kan ha interesse av.
Vi er takknemlege for alt av aktuelt stoff,bilde og anna som du vil dele med oss.

Nye bilder

Holsen grendalag på Facebook

Holsen grendalag har no også oppretta ei eiga gruppe på Facebook. Gruppa er open for alle som vil vere med, og heiter “Holsen grendalag”.

Dugnad grindabygg

Det vert dugnad i forbindelse med oppsett av grindabygget ved Holsen skule førstkommande laurdag, 29. oktober, frå klokka 10.00.

Det er også mogeleg å møte opp onsdag 26. oktober, då det er eit par karar som skal arbeide med bygget etter arbeidstid.

Anleggsvegen til Nordalen

No framover hausten 2016 kan det verte arbeid på anlegget til Norddøla Kraftverk AS også i helgane. Difor er det sett opp eit skilt oppe i anleggsvegen som syner kor langt private bilar kan køyre. Dette for at ikkje anleggstrafikken skal verte hindra.

Referat ekstraordinært årsmøte, Holsen grendalag

Kom med innspel!

Det er fleire gonger blitt tatt opp at ein bør dra i gang fleire arrangement til inntekt for grendalaget. Holsen grendalag står blant anna for kostnadane til oppsetting og vedlikehald av gatelys i bygda, og per i dag er det adventsbasaren som er hovedinntektskjelda.

Styret i grendalaget oppmodar med dette innbyggjarane i Holsen til å komme med innspel til kva vi kan finne på. Dette kan f.eks. vere bingo, ulike kurs, dans eller noko heilt anna! I tillegg til auka inntekter for grendalaget, kan vi risikere å få sosialisering med både sambygdingar og andre som ein hyggjeleg bieffekt :-)

Program jonsokfeiring

Ny dato ekstraordinært årsmøte - 12. juni

Ekstraordinært årsmøte i Holsen grendalag blir førstkommende søndag, 12. juni, klokka 20.00. Møtestad er Holsen skule.

Saker:

Avlyst årsmøte i Holsen Grendalag

Det vert ikkje ekstraordinært årsmøte i Grendalaget i kveld søndag 29. mai.

Holsen Grendalag sin tiltakspris 2015

Utdelt på 17. maifeiringa i Holsen 2016

17. maiprogram i Holsen

Ekstraordinært årsmøte 29. mai

Det blir ekstraordinært årsmøte i Holsen Grendalag søndag 29. mai, kl. 19.00.

Saker som blir tatt opp er blant anna fiberutbygging og budsjett 2016.

Ingen adgang anleggsområde

Eg er bedt om å vidareformidle at det er adgang forbode i området der nye kraftverket er under arbeid. Det kjem opp skilt, slik at ein lett kan sjå kvar ein må snu. Forbodet gjeld heile døgeret; også ettermiddagar og helgar, sjølv om det ikkje er pågående arbeid. Anleggarbeiderane har bl.a. opplevd at det er folk i området når dei driv med sprenging. Det vil også kunne ligge lause massar etter sprenging osv. når dei går for dagen. Det er dermed for eigen sikkerhet at ein må respektere skilta.

Skulegudsteneste

Onsdag 6. april er det skule gudsteneste i Holsen kyrkje kl 10.45. Både skulen og barnehagen tek del. Ungd.prest Marte H. Ottesen, trusopplærar Else Kvamsås og kantor Asbjørn Flåm.
Andre frå bygda er og velkomne.

Dugnad laurdag 7. mai

Årets fellesdugnad mellom grendalaget og Holsen skule og barnehage blir laurdag 7. mai. Oppmøte frå kl. 11.00.

Vi handlar inn til ein sosial vaffelpause, og håpar mange har anledning til å vere med denne dagen!

17.mai-komite 2016 i Holsen

Minner om neste fellesmøte søndag 10.04.16 kl. 19.30 i Holsen skule/ grendahus.
Vonar mange har anledning til å møte, slik at vi kan lage ei flott og tradisjonsrik 17.mai feiring.

Skitur på Venevasseggja med IST 2. påskedag

http://fjordaglimt.no/-/event/show/634651_skitur-til-venevasseggja-med-ist/8939205, eller www.isturlag.no

Flaskeinnsamling, Driva 4H

I veka etter påske vert det som før flaskeinnsamling i Holsen til inntekt for Driva 4H.

Hjorteskilt

Leste nettopp på Firda.no om hjorteskilta på Holsen. Godt jobba! til dem som har satt opp skilta. Mange, mange morgener når jeg kjører til Førde på jobb ser jeg hjort. En morgen for bare noen dager siden talte jeg en flokk på ca 20 dyr! som var i ferd med å krysse veien i Ulvedalane. Takk for skilta – og kjør forsiktig!

"Vi over 60-fest" komande laurdag

Holsen og Haukedalen sokneråd og diakoninemnda inviterer til den tradisjonelle «Vi over 60-festen»komande laurdag kl 14.00 i Holsen skule og grendahus. Alle frå 60 – 100 i Holsen og Haukedalen er velkomne, men om du er utflytt og kjenner tilhøyre til desse bygdene så er du og velkomen!

Program:

Referat frå årsmøtet i Grendalaget samt innmelde saker

Her kan de lese referatet frå årsmøtet som blei holdt 31.01.16: Referat årsmøtet

Og her kan de lese dei innmelde sakene som blei tatt opp på møtet: Innmelde saker til årsmøtet

Nominasjonar til tiltakspris

Dersom ein har kandidatar ein ynskjer å nominere for tiltaksprisen 2015, kan ein melde dette til styret i Holsen grendalag ved:

Jan Solsvik, tlf. 911 62 708 (mur-puss@online.no)

Årsmelding 2015 - Holsen Grendalag

Vedtekter Holsen Grendalag

Det er komt ei ny vedtekt under §5, som går på valnemdas arbeidsmåte: Vedtekter Holsen Grendalag

Holsen

Følgt av 69 medlemmar.

Holsen finn du i den austlege delen av Førde kommune. Holsenvatnet ligg 131 m.o.h. og har eit areal på 3,5 km2. Her bur ca. 300 innbyggjarar, og dei fleste av desse har arbeidsplassen sin i og omkring Førde by. Reisetid til Førde er ca 15-20 minuttar.
Heimesida til Førde kommune finn du her
Sjå biletserie frå Holsen

Meir om sona

Origo Holsen er ei sone på Origo. Les meir

Lag og organisasjonar i Holsen

HOLSEN GRENDALAG vart skipa i 1988.

Laget arrangerer 17. mai-og jonsokfeiring samt adventskafe/basar.
Grendalaget står også for oppsetting og vedlikehald av gatelys i bygda.
Her finn du vedtektene for Holsen Grendalag
Her er årsmelding m.m. 2012 for Holsen Grendalag

FILH, FØRDE IDRETTSLAG HOLSEN vart starta i 1981 og er ei av miljøgruppene under hovedlaget Førde.
Laget har trimaktivitetar for ulike aldersgrupper i Holsen skule og Grendahus, terrengløp, idrettsmerketaking m.m. Fjelltrimmen har eiga heimeside som du finn under Bokmerker. Eller du kan bruke linken nedanfor.
Fjelltrimmen

HOLSEN BYGDEKVINNELAG vart starta i 1949 og feira 60-års jubileumet sitt i 2009. Sjå meir om denne markeringa under Aktuelt.

HOLSEN SKYTTARLAG vart skipa i 1907. Laget har eiga skytebane på Rørvikfjellet, denne er utstyrt med 5 elektroniske skiver på 100 meter og 8 elektroniske skiver på 200 meter.

DRIVA 4H vart oppatt-starta hausten 2010.
Her er litt meir om klubben
Driva 4H på facebook

HOLSEN SKULE OG BARNEHAGE er ein grendaskule med elevar frå 1. til 7. årssteg, SFO og barnehage.
Heimesida til Holsen skule og barnehage finn du her

GAMMALT ASIAKART FRÅ HOLSEN SKULE Du kan gå inn på kartet her og forstørre opp alle detaljane du ynskjer.Kartsida er laga av Alf Foss.

Annonse